UNGFOLK
5. - 8. august 2026, Lifjell i Bø
5. - 8. august 2026, Lifjell i Bø
Telemark folkemusikklag er eit fylkesledd for 16 lokale folkemusikklag i Telemark som til saman har om lag 450 medlemmer. UngFolk er Telemark Folkemusikklag sitt rekrutteringskurs for born og unge, som har blitt arrangert årleg i over 25 år.
Me legg stor vekt på sosialt samvær og aktivitetar slik at deltakarane kan knytte folkemusikken opp mot eit sosialt nettverk, gjerne på tvers av kommune- og fylkesgrenser.
Mailen vår er ungfolk@gmail.com
For påmelding, send oss mail med namn, alder, kurs og eventuell erfaring :)
Kvar er kurset?
Årets kurs er som i fjor på Jønnbu Fjellkyrkje på Lifjell i Bø. Me har eit bygg for undervising, måltid og aktivitetar og eitt bygg der me søv.
Kvar søv me?
Det er fellesrom med opp til seks stykk saman i køyesenger. Instruktørane har eige bygg, men kursleiarane Andrea og Symre søv på same bygg som deltakarane - og følger med! I tillegg er det ein friviljug vaksen som er sovande nattevakt. Laurdag morgon deler me ut premie til rommet som har vore mest ryddig! (det gjeld oppførsel også...)
Korleis er maten?
Maten er slik du skulle forvente på ein enkel leirskule. På frukosten må alle hugse å smøre lunsjen sin. Kokken vår Ali serverer middag klokka 16. Me set ut til kveldsmat om folk er meir sultne før leggetid (og det er me som oftast). ´
Korleis er undervisinga?
Me startar dagen med ei felles morgonsamling før me går i grupper- Undervisinga der styrast av instruktørane, som er erfarne med å halde kurs og justere nivå. Me har noko fellesundervisning med song og dans.
Korleis er fritida?
Bading, bordtennis og boksen går? Teikning, triksing og tralling? Når det ikkje er felles aktivitetar kan ein velje litt sjølv, sett bort frå surmuling og scrolling åleine på rommet...
MØT ÅRETS INSTRUKTØRAR!
Åsmund Arnesen Farstad
Åsmund frå Volda skal halde kurs i hardingfele. Han har røter og hjartet i den tradisjonelle musikken frå Nordvestlandet med Sunnmøre og Nordfjord som sine kjærneområder, men kjenner Telemark godt også. Åsmund blei nett ferdig på Norges Musikkhøgskole i Oslo, og er A-klassespelemann på både vanleg fele og hardingfele!
Sunniva Langås-Røiland
Sunniva frå Bø er fast inventar på UngFolk, fyrst som deltakar, deretter som assistent og så som instruktør. Ho er sterkt forankra i tradisjonelt slåttespel frå Telemark. Når ho ikkje er ute på farten med felene, sit ho med dei på øverom på Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Signe Dorthea Krohn Gjessing
Signe frå Oslo skal halde kurs i kveding! Ho har lært av mange ulike utøvarar landet rundt, både i levande live og frå opptak. Signe arbeider til dagleg med både folkesong, skodespel og folkedans, og er utdanna folkesongar frå Norges Musikkhøgskole. Me er sikre på at kvedargruppa kjem til å ha det veldig kjekt med Signe!
Jon Inge Særsland
Jon Inge frå Notodden skal halde kurs i folkedans! Jon Inge er ein allsidig utøvar som både dansar pardans, halling og spelar munnharpe. Han har eit langt engasjement bak seg innan spel og dans i Telemark, og har naturlegvis nokre sommarar i sekken som deltakar på UngFolk!
Thea Myrjord Nordheim
Thea frå Bø skal halde kurs i folkedans! Thea har sjølv delteke på UngFolk i mange år, og kjenner i tillegg kurset som instruktør. For tida studerar ho folkedans på Universitetet i Sørøst-Noreg, campus Rauland. Thea har god erfaring som pedagog og sprer danseglede og leik til alle rundt seg!
Andrea er langeleikspelar og folkedansar frå Gol i Hallingdal. Ho har bachelor i folkemusikk frå USN campus Rauland samt vidareutdanning i kulturleiing frå OsloMet.
Symre er ein gitarist, songar og hardingfelespelar frå Morgedal i Vest-Telemark. Ho har bachelor i utøvande musikk frå jazzlina i Bergen og Norges musikkhøgskole i Oslo.