UNGFOLK HAUSTKURS 

Nes Nasjonale Dansarring og Telemark folkemusikklag har gleda av å invitere til UngFolk haustkurs fredag 29 til laurdag 30. oktober på Gvarv samfunnshus. Oppmøte fredag 18.00, henting laurdag 17.00.


Det blir kurs i hardingfelespel, kveding og dans for ungar og ungdommar mellom 6 og 18 år. 


Påmelding til johanneflottorp@gmail.com innan 25. oktober. 


Betalingsavgifta på 400 kr (inkludert mat) blir betalt til Telemark folkemusikklag sitt kontonummer 2711.13.80134 når du melder på deg eller dine. Merk innbetalinga med deltakaren på kurset. 


Spørsmål om kurset kan rettast til Johanne Flottorp eller Harald Omnes.

Vil du melde deg på UngFolk haustkurs? 


Send ein mail til johanneflottorp@gmail.com

OM UNGFOLK


UngFolk er eit kurs som går over to til fire dagar tre gonger i året. Telemark folkemusikklag arrangerer UngFolk sommarskule i august kvart år. I tillegg arrangerer folkemusikklaget i samarbeid med lokale arrangørlag UngFolk vårkurs og haustkurs i høvesvis mai og sepember/oktober kvart år. Her går kurset på rundgang mellom medlemslaga i folkemusikklaget.