Info

All undervisning på Ungfolk 2018 går føre seg i lokalene til Seljord folkehøgskule. Overnatting vert i ein- eller tomannsrom. Alle måltida vert servert på skulen (frukost, niste, middag, kveldsmat).

Undervisning
For at dei fleste skal få undervisning tilpassa den enkelte sin bakgrunn og behov deler me inn kurset i to nivå; grunn-kurs og kurs for vidarekomne. Me set ikkje strenge aldersgrenser, men opnar for at du som deltakarar saman med instruktøren kan vere med å velje det rette nivået for deg. I tillegg til hovuddisiplinen som du vel vil det bli fellesaktivitetar både på dag- og kveldstid med felles dans, sang,leikar og sosialt samver. Det vil og bli høve til å møte læraren sin åleine dersom det er ønskeleg.

 

Ungfolk Rekrutt

for deg mellom 8 og 10 år. Dette kurset vert eit meir leikeprega opplegg, der du får "smake" på litt dans, spel og sang. Du vil og få bli med på sosiale aktivitetar med resten av UngFolk.

Kurset går over 2 dagar, tysdag 7. og onsdag 8. august. Du kan melde deg på enten utan eller med overnatting.

 

Grunnkurset

er eit tilbod til deg som er i gang med opplæring / aktivitet i lokallaget eller i kulturskulen og er i aldersgruppa 10-13 år.

Det vert tilbod i hardingfele, dans og kveding.

*

Vidarekomne

er eit kurstilbod til deg som har deltatt på UngFolk tidlegare, eller som har hatt grunnopplæring i kulturskulen eller i eit lokalt lag, og er i aldersgruppa 13 - 18 år.

Det vert tilbod i hardingfele, dans, kveding, munnharpe og soger / forteljekunst. Munnharpekurset vert lagt opp som ei økt kvar dag slik at deltakarane på hovedkursa også kan velge munnharpe i tillegg.

*

Påmelding:

Frist for påmelding vert måndag 2. juli.

*
Kursavgift:

Kursavgift er kr. 3.300. Ungfolk Rekrutt: Kr. 600 utan overnatting, kr. 850 med overnatting.

Søskenmoderasjon: Kr. 500 (gjeld ikkje UngFolk Rekrutt)

Om du bur heime (og et frukost heime) får du ein reduksjon i kursavgifta på kr. 1.000.

Treng du dynetrekk / laken kostar det kr. 75 ekstra.

*
Foto

Me kjem til å ta foto i løpet av kursveka. Bileta kan bli bruka på nettsidene og i eventuelle trykksaker / søknader. Dei kan og bli sendt til aviser o.l. som treng dei.
Dersom du vil reservere deg mot dette må me ha melding via e-post (telemark@musikk.no).

*
 

 

*