Litt om Telemark folkemusikklag

Telemark folkemusikklag (TFL) er fylkesorganisasjonen/områdelaget for spel og dansarlag i Telemark, tilslutta FolkOrg, og har som føremål å arbeide for å fremje folkemusikktradisjonane i Telemark.

Laget står ansvarleg for å arrangere fylkeskappleiken i Telemark kvart år i samarbeid med eit lokallag, og er også ansvarleg for "UngFolk"; kurs i folkemusikk for born og ungdommar som blir arrangera årleg. I tillegg arbeider me for at det blir halde vår- og haustkurs rundt i fylket.