Sjokoladekappleik 2018

06.02.2018

Seljord juniorspelemannslag, Tusseleiken og Seljord folkemusikklag ynskjer alle velkomne til den 20. Sjokoladekappleiken på Granvin kulturhus i Seljord laurdag 3.mars 2018 kl. 12.00.

Påmelding innan kl.11 laurdag 3.mars eller førehandspåmelding fram til kl 20 kvelden før (2.mars) til Tusseleiken på e-post: tusseleiken@hotmail.com
For registreringsarbeidet er det til stor hjelp med førehandspåmelding av grupper eller lag; helst med namn på dei som er med i laget, alder, adresser og gjerne kven dei har lært av.

Hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik 2018 
– deltakarar og publikum!

Born og deltakarar gratis.
Vaksne kr 100,-

Me spanderer saft, kaker og kaffi!
Pølser, pizza og brus vert å få kjøpt.

Alle er hjarteleg velkomne!

Beste helsing
Seljord juniorspelemannslag, barneleikarringen Tusseleiken og Seljord folkemusikklag

Kva er Sjokoladekappleik?
Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk (spel, dans og kveding) kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scenen. Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygg på scenen. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!
I fjor var det 50-60 ulike innslag på scena og kring 100 born som spela, song og dansa på Granvin. Ungar frå mange kommunar deltok.
Det er faktisk den 20.gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 – 20 år. Det blir utdeling av inspirasjonspris for 14. gong.

Plakat