Vårkurset

er eit dag/helgekurs i eit samarbeid mellom fylkeslaget og eit lokallag. Lokallaget er praktisk arrangør medan fylkeslaget fordeler kursa, yter eit tilskot og marknadsfører kurset i heile fylket. Arrangør for neste års kurs vert fordelt på representantskapsmøtet i september.


Ungfolk

er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans for barn og unge og vert arrangert kvar sommar i august. Når det er muleg vert kurset lagt til same veka som Telemarkfestivalen slik at kursdeltakararne både kan opptre på festivalen og få oppleve konsertar som ein ekstra inspirasjon.

Det vert gitt opplæring innan spel, song og dans samt teoretiske emne og det vert lagt opp til fleire nivå for å kunne tilpasse undervisninga det faglege nivået og alderen til deltakarane.

UngFolk har vore arrangert årleg frå 2003 og er ein viktig opplærings- og formidlingsarena for den tradisjonelle folkemusikken og –dansen i regionen (Telemark og alle nabofylka).

UngFolk er eit supplement til den faste opplæringa og formidlinga som skjer i kulturskular og lokale folkemusikklag gjennom året, men er ope for alle som ønskjer å delta.


Talentskulen

er eit samarbeid mellom Bø kulturskule og Telemark folkemusikklag/ Telemark folkemusikksenter. Dette er eit systematisk opplæringstibod for dei spesielt interesserte elevane i fylket. Det er organisert som ein laurdagsskule som føl skuleåret. Det vert søkt om ekstern finansiering av tiltaket i tillegg til eigenfinansiering. Det vert lagt opp til eit tett samarbeid mellom offentlege (kommunal kulturskular) og fivillige aktørar. Dette for å utvikle både den faglege og sosiale dimensjonen og hente tilskot frå mange ulike bidragsytarar.


Haustkurset

er eit dag/helgekurs i eit samarbeid mellom fylkeslaget og eit lokallag. Lokallaget er praktisk arrangør medan fylkeslaget fordeler kursa, yter eit tilskot og marknadsfører kurset i heile fylket. Arrangør for neste års kurs vert fordelt på representantskapsmøtet i september.